Ordsky fra wikien
Som ei avslutning på arbeidet med arbeidskrav 3 gjekk eg inn på Wordle og fekk laga to ordskyer - ei frå Diigo-gruppa og ei frå wikien. Wordle er eit gratis nettbasert program som framstiller dei mest brukte orda frå ein tekst eller ein nettstad grafisk. Dei to ordskyene gav meg nokre tankar kring den arbeidsprosessen vi har vore gjennom som eg vil lufte her i bloggen.
Samskriving
Samskriving går ut på at fleire går saman for å skape ein felles tekst. Samskrivingsprosessen kan skje synkront eller asynkront, mellom deltakar som oppheld seg fysisk i same rom, eller over nettet (Eritsland, 2008). I arbeidet som lærar har eg prøvd å få elevane til å skrive saman i samband med gruppearbeid, men opplever at det er vanskeleg. Oftast vel elevane å dele arbeidsoppgåvene mellom seg, før ein elev redigerer dei ulike bidraga saman til ein meir eller mindre samanhengande tekst. Eritsland (2008) framstiller ulike grader av samskriving langs ei linje, og vi der at den måten elevane ofte arbeider på ikkje når opp til "samskriving" slik det er framstilt her. Dei får dermed heller ikkje utnytta det potensialet for læring som ligg i samskrivingsprosessen.

Ulike grader av samskriving (Eritsland , 2008).
Å arbeide med wiki og sosial bokmerking
Ulike grader av samskriving (Eritsland , 2008).
Å arbeide med wiki og sosial bokmerking
I vårt tilfelle var vi tre travle lærarar som skulle samarbeide om å lage tre tekstar, og vi reagerte umiddelbart mykje på same måte som elevane. Vi delte arbeidet mellom oss, og dermed fekk vi ansvar for ulike delar av det ferdige produktet. Med det ansvaret kjem også eit eigarforhold og ein reservasjon mot å "blande seg inn" i andre sitt arbeid. Ein vert redde for å gå inn å redigere eller skrive i det ein oppfattar som andre sin eigedom. Vi tenkjer individualistisk i staden for kollektivt, noko som verkar øydeleggjande på ein kreativ samskrivingsprosess. Med dei føringane som låg i arbeidskrav 3 vart vi tvinga til å bryte desse sperrene, og eg fann at wiki er eit nyttig verktøy for å arbeide saman om ein tekst. Det er enkelt å skrive i same tekst, og der er eit diskusjonsforum der ein kan kommunisere om arbeidsprosessen. Med bruk av Diigo vert dei kjeldene vi finn tilgjengeleg for alle i gruppa, og med ein gjennomtenkt struktur for bruk av etikettar kan ein enkelt orientere seg i store mengder med kjeldemateriale.
Ordskyer...
Ordskyer...
Så til slutt nokre tankar om ordskyene. Når eg såg ordskya som vart generert ut i frå Diigo-gruppa vår, såg eg at det som er framtredande her er mitt eige namn! Min første reaksjon var å undersøkje om det gjekk å fjerne mitt namn for å få fram det faglege innhaldet. Min andre reaksjon var at dette faktisk vart ein illustrasjon av arbeidet med arbeidskravet. Eg tenkjer at alle arbeidsprosessar uansett må ha eit individuelt aspekt, og at dette vart ein representasjon av min individuelle del av arbeidsprosessen. Det er i arbeidet med å innhente kjelder at eg bearbeidar materialet, og det er til Diigo eg går for å hente informasjonen eg treng for å skrive mine bidrag til wikien. I ordskya frå wikien er det faglege innhaldet framtredande, og dei andre sine namn er teke med på lik linje med mitt eige. Dette representerer det fellesproduktet vi har laga, der alle på gruppa er likeverdige deltakarar i arbeidet.
Ordsky frå bokmerkesamlinga i Diigo
Kjelder:
Eritsland, A. G. (2008). Samskriving - Ny veg i skriveopplæringa. Oslo: Samlaget.
Eritsland, A. G. (2008). Samskriving - Ny veg i skriveopplæringa. Oslo: Samlaget.