Som eit arbeidskrav i studiet "IKT for lærarar" var oppgåva å lage eit undervisningsopplegg med utgangspunkt i et kompetansemål fra læreplanen. Undervisningsopplegget skulle vere eit gruppearbeid der vi nytta Google docs.
Vi valde å ta utgangspunkt i eit mål frå læreplanen i matematikk 2P som går ut på at elevane skal kunne planleggje, gjennomføre og vurdere statistiske undersøkingar. Undervisningsopplegget er basert på at elevane jobbar i grupper der dei samarbeider i Google docs, dei kan lage spørsmåla i skjema-funksjonen Google docs og dei kan oppsummere resultata i rekneark i Google docs.
Sjølve samarbeidde vi også med å nytte delte dokument i Google docs. Dette viste seg å vere svært nyttig sidan vi då kunne arbeide asynkront og ikkje måtte finne tidspunkt då det passa for alle for å kunne arbeide med opplegget. For å presentere opplegget til elevane laga vi ein presentasjon som vi ville nytte som ein introduksjon før arbeidet starta, og som eit utgangspunkt for ein diskusjon med klassa der vi avklarar retningslinjene for arbeidet i fellesskap.
Tankar om skule, undervisning og digitale læringsressursar. Ein blogg oppretta i samband med studiet "IKT-for lærarar" ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
søndag 13. februar 2011
Tankar om å bruke Google docs i undervisninga
Det var dette spørsmålet som var utgangspunktet mitt då eg begynte å arbeide med å lage eit undervisingsopplegg i Google docks. Utfordringa var å få identifisert kva dette verktøyet kan nyttast til, som vi ikkje kan få frå andre vektøy. Slik eg tenkte satt eg igjen med følgjande punkt:
- Samarbeid - Google docs gjer det enkelt for elevane å samarbeide om skriveprosessen. Elevane kan sjølv velgje kven dei vil gi tilgang til dei ulike dokumenta, så dermed opnar det seg moglegheiter for gruppearbeid, felles referat- og notatskriving og alle andre former for samskriving.
- Oversikt - Dersom læraren ønskjer å ha innsyn i skriveprosessen kan dokumentet delast med læraren. Ein kan dermed heile tida sjå kor langt ein elev eller ei gruppe er komen med arbeidet.
- Programvare - Uavhengig av kva program elevane har på maskinene sine, kan dei i Google docs opprette tekstdokument, rekneark, presentasjonar, teikningar og skjema.
- Tilgang - Med lagring på nett er dokumenta alltid tilgjenglege (med mindre ein ikkje har nettilgang...). Ein unngår forseinkingar i arbeidet på grunn av at elevar har gløymt PC-en heime, er sjuke osv.
Eg kom fram til at Google docs har mange kvalitetar som kan vere nyttige brukt i undervisninga, og ser ikkje vekk ifrå at Google docs kan verte brukt i undervisninga også i framtida.
Prøv Google docs her
Abonner på:
Innlegg (Atom)