søndag 15. mai 2011

Wiki og sosial bokmerking - siste arbeidskrav

I arbeidskrav 3 har vi jobba med to verktøy som begge handlar om bruk av sosiale medie i ein samskrivingsprosess. Vi har oppretta ein wiki: IKT-kurs Arbeidskrav 3 i Wikispaces der vi har skrive fleire artiklar om ungdom sin bruk av sosiale media – kopla opp mot skule og undervisning. I skriveprosessen har vi nytta Diigo for å organisere informasjon og dele denne med dei andre i gruppa gjennom ei eiga Diigo-gruppe: Arbeidskrav3 - Ungdom og medievanar.



Ordsky fra wikien

Som ei avslutning på arbeidet med arbeidskrav 3 gjekk eg inn på Wordle og fekk laga to ordskyer - ei frå Diigo-gruppa og ei frå wikien. Wordle er eit gratis nettbasert program som framstiller dei mest brukte orda frå ein tekst eller ein nettstad grafisk. Dei to ordskyene gav meg nokre tankar kring den arbeidsprosessen vi har vore gjennom som eg vil lufte her i bloggen.

Samskriving

Samskriving går ut på at fleire går saman for å skape ein felles tekst. Samskrivingsprosessen kan skje synkront eller asynkront, mellom deltakar som oppheld seg fysisk i same rom, eller over nettet (Eritsland, 2008). I arbeidet som lærar har eg prøvd å få elevane til å skrive saman i samband med gruppearbeid, men opplever at det er vanskeleg. Oftast vel elevane å dele arbeidsoppgåvene mellom seg, før ein elev redigerer dei ulike bidraga saman til ein meir eller mindre samanhengande tekst. Eritsland (2008) framstiller ulike grader av samskriving langs ei linje, og vi der at den måten elevane ofte arbeider på ikkje når opp til "samskriving" slik det er framstilt her. Dei får dermed heller ikkje utnytta det potensialet for læring som ligg i samskrivingsprosessen.


Ulike grader av samskriving (Eritsland , 2008).

Å arbeide med wiki og sosial bokmerking
I vårt tilfelle var vi tre travle lærarar som skulle samarbeide om å lage tre tekstar, og vi reagerte umiddelbart mykje på same måte som elevane. Vi delte arbeidet mellom oss, og dermed fekk vi ansvar for ulike delar av det ferdige produktet. Med det ansvaret kjem også eit eigarforhold og ein reservasjon mot å "blande seg inn" i andre sitt arbeid. Ein vert redde for å gå inn å redigere eller skrive i det ein oppfattar som andre sin eigedom. Vi tenkjer individualistisk i staden for kollektivt, noko som verkar øydeleggjande på ein kreativ samskrivingsprosess. Med dei føringane som låg i arbeidskrav 3 vart vi tvinga til å bryte desse sperrene, og eg fann at wiki er eit nyttig verktøy for å arbeide saman om ein tekst. Det er enkelt å skrive i same tekst, og der er eit diskusjonsforum der ein kan kommunisere om arbeidsprosessen. Med bruk av Diigo vert dei kjeldene vi finn tilgjengeleg for alle i gruppa, og med ein gjennomtenkt struktur for bruk av etikettar kan ein enkelt orientere seg i store mengder med kjeldemateriale.

Ordskyer...
Så til slutt nokre tankar om ordskyene. Når eg såg ordskya som vart generert ut i frå Diigo-gruppa vår, såg eg at det som er framtredande her er mitt eige namn! Min første reaksjon var å undersøkje om det gjekk å fjerne mitt namn for å få fram det faglege innhaldet. Min andre reaksjon var at dette faktisk vart ein illustrasjon av arbeidet med arbeidskravet. Eg tenkjer at alle arbeidsprosessar uansett må ha eit individuelt aspekt, og at dette vart ein representasjon av min individuelle del av arbeidsprosessen. Det er i arbeidet med å innhente kjelder at eg bearbeidar materialet, og det er til Diigo eg går for å hente informasjonen eg treng for å skrive mine bidrag til wikien. I ordskya frå wikien er det faglege innhaldet framtredande, og dei andre sine namn er teke med på lik linje med mitt eige. Dette representerer det fellesproduktet vi har laga, der alle på gruppa er likeverdige deltakarar i arbeidet.











Ordsky frå bokmerkesamlinga i Diigo


Kjelder:
Eritsland, A. G. (2008). Samskriving - Ny veg i skriveopplæringa. Oslo: Samlaget.

onsdag 30. mars 2011

Bruk av sosiale medie i matematikk - statusrapport

Vi er no kome godt i gang med gjennomføringa av opplegget som var skissert i forige innlegg på denne bloggen. Etter ein diskusjon med elevane enda vi opp med ei løysing som ligg temmeleg nær opp til det eg hadde sett føre meg, og skrive om i det forige innlegget.

Elevane arbeider i grupper to og to, og kvar gruppe fekk to bevis dei skulle presentere i fellesskap. Tidsbruken vart avgrensa til ei veke, der elevane fekk nytte 4 undervisingstimar til å arbeide med bevisa. Bevisa skal presenterast i form av ein film, der elevane  sjølv vel korleis dei vil lage filmen. Her har dei valgt mange ulike løysingar. Nokre filmar med webkamera eller mobil, nokre brukar Windows MovieMaker, nokre tek opptak av skjermen med Jing eller brukar avartarar og stemmegeneratorar. I Facebook har eg oppretta ein eigen lærarprofil som no er venn med alle elevane i klassa. Gjennom lærarprofilen oppretta eg ei hemmeleg gruppe der alle elevane vart invitert inn. I denne gruppa skal vi presentere bevisa, og då vil ingen andre enn dei som er medlem av gruppa kunne sjå filmane som er lagt ut. Dette synest eg er den mest forsvarlege løysinga ut i frå prinsipper om personvern, særleg sidan dei fleste elevane dessutan er under 18 år.

Så langt har det sett ut som om opplegget fungerer fint. Dei første filmane er kome ut, og dei første tilbakemeldingane eg har fått frå elevane går ut på at dei synest det er artig å jobbe i Facebook. Det største problemet vi har møtt så langt var ein elev som ikkje var medlem på Facebook. Denne eleven fekk tilgang brukarnamn til lærarprofilen min, slik at ho får tilgang til bevisa gjennom den. Ho verka nøgd med den løysinga, og eg kan enkelt endre passord og brukarnamn seinare dersom eg ønskjer å bruke profilen vidare.

Det vert spennande å høyre kva elevane meiner når vi vert ferdige med prosjektet, og får gjort ei ordentleg evaluering.

tirsdag 15. mars 2011

Bruk av sosiale medie i matematikk - eit døme...


Undervisninga i matematikk vert ofte sett på som gammaldags, kjedelig og virkelighetsfjern. Eg skal ikkje prøve verken å avkrefte eller bekrefte den påstanden, men mitt inntrykk er at den i alle fall er tradisjonell - at mykje vert gjort slik det "alltid" har vore gjort...

I samband med studiet har vi jobba med mange ulike sosiale media. Kan nokre av desse nyttast i matematikk for å fremje læring hos elevane? Det var utgangspunktet mitt for å lage eit undervisningsopplegg basert på bruk av sosiale media i arbeid med bevis i R1. Eg tok utgangspunkt i to læreplanmål, som begge handlar om matematiske bevis:
• Mål for opplæringen er at eleven skal kunne gjøre rede for forskjellige bevis for Pytagoras’ setning, både matematisk og kulturhistorisk
• Mål for opplæringen er at eleven skal kunne gjøre rede for implikasjon og ekvivalens, og gjennomføre direkte og kontrapositive bevis

Matematikken i slike bevis er ofte enkel, og basert på ei grunnleggjande matematisk forståing. Utfordringa for elevane vert gjerne å finne ein inngang til oppgåva. I tillegg til ei god forståing av matematisk prinsipp krev slike oppgåver også etter mi meining ein god porsjon kreativitet, erfaring og innsikt som ikkje er enkel å undervise i. Eg kan ikkje tenkje slik at eg skal overføre ein slik kunnskap til elevane, dette er noko dei må utvikle gjennom å arbeide med bevis. I følgje sosiokulturell læringsteori skjer læring i samhandling mellom menneske, i ein sosial kontekst. Det er denne læringseffekten eg ønsker at elevane skal få med bruk av sosiale media.

Sjølve opplegget ser eg for meg å bruke 6-8 timar på. Dette vil eg gjennomføre på slutten av skuleåret slik at vi også får ein repetisjon av pensum i arbeid med bevis frå ulike delar av pensum. Elevane skal arbeide to og to med å presentere ulike bevis for dei andre elevane i klassa. Presentasjonane skal publiserast i ei hemmeleg gruppe på Facebook i form av ein kombinasjon av tekst og bilete eller video. Teksten skal gi ei ramme kring beviset, medan sjølve beviset skal leggjast inn som eit bilete, ei videofil eller ei kopling til eit Google-dokument (sidan teksteditoren i Facebook ikkje eignar seg til å skrive matematike uttrykk). I arbeidet med bevis vil eg oppfordre elevane til å nytte andre sosiale ressursar på nettet. Mange bevis vert presentert i ulike forum og bloggar, på nettstadar og ressurssider. Til saman vil klassa slik bygge opp ein idebank for ulike måtar å utføre bevis på. Med å arbeide på denne måten får elevane også munnleg trening som vil vere relevant for ein eventuell munnleg eksamen.

Ei grundigare drøfting av undervisningsopplegget finn du her.

søndag 13. februar 2011

Eit døme på bruk av Google docs i undervisning.

Som eit arbeidskrav i studiet "IKT for lærarar" var oppgåva å lage eit undervisningsopplegg med utgangspunkt i et kompetansemål fra læreplanen. Undervisningsopplegget skulle vere eit gruppearbeid der vi nytta Google docs.

Vi valde å ta utgangspunkt i eit mål frå
læreplanen i matematikk 2P som går ut på at elevane skal kunne planleggje, gjennomføre og vurdere statistiske undersøkingar. Undervisningsopplegget er basert på at elevane jobbar i grupper der dei samarbeider i Google docs, dei kan lage spørsmåla i skjema-funksjonen Google docs og dei kan oppsummere resultata i rekneark i Google docs.

Sjølve samarbeidde vi også med å nytte delte dokument i Google docs. Dette viste seg å vere svært nyttig sidan vi då kunne arbeide asynkront og ikkje måtte finne tidspunkt då det passa for alle for å kunne arbeide med opplegget. For å presentere opplegget til elevane laga vi ein presentasjon som vi ville nytte som ein introduksjon før arbeidet starta, og som eit utgangspunkt for ein diskusjon med klassa der vi avklarar retningslinjene for arbeidet i fellesskap.


Tankar om å bruke Google docs i undervisninga

Eit sentralt spørsmål å stille her er korleis Google docks kan gi ein pedagogisk meirverdi. Å nytte eit vektøy, enten det er digitalt eller ikkje, for verktøyet sin del er etter mi meining meiningslaust. Det må tilføye undervisninga noko eige - noko som på ein eller anna måte kan føre til auka læring for elevane.

Det var dette spørsmålet som var utgangspunktet mitt då eg begynte å arbeide med å lage eit undervisingsopplegg i Google docks. Utfordringa var å få identifisert kva dette verktøyet kan nyttast til, som vi ikkje kan få frå andre vektøy. Slik eg tenkte satt eg igjen med følgjande punkt:
  • Samarbeid - Google docs gjer det enkelt for elevane å samarbeide om skriveprosessen. Elevane kan sjølv velgje kven dei vil gi tilgang til dei ulike dokumenta, så dermed opnar det seg moglegheiter for gruppearbeid, felles referat- og notatskriving og alle andre former for samskriving.
  • Oversikt - Dersom læraren ønskjer å ha innsyn i skriveprosessen kan dokumentet delast med læraren. Ein kan dermed heile tida sjå kor langt ein elev eller ei gruppe er komen med arbeidet.
  • Programvare - Uavhengig av kva program elevane har på maskinene sine, kan dei i Google docs opprette tekstdokument, rekneark, presentasjonar, teikningar og skjema.
  • Tilgang - Med lagring på nett er dokumenta alltid tilgjenglege (med mindre ein ikkje har nettilgang...). Ein unngår forseinkingar i arbeidet på grunn av at elevar har gløymt PC-en heime, er sjuke osv.
Eg kom fram til at Google docs har mange kvalitetar som kan vere nyttige brukt i undervisninga, og ser ikkje vekk ifrå at Google docs kan verte brukt i undervisninga også i framtida.

Prøv Google docs her