onsdag 30. mars 2011

Bruk av sosiale medie i matematikk - statusrapport

Vi er no kome godt i gang med gjennomføringa av opplegget som var skissert i forige innlegg på denne bloggen. Etter ein diskusjon med elevane enda vi opp med ei løysing som ligg temmeleg nær opp til det eg hadde sett føre meg, og skrive om i det forige innlegget.

Elevane arbeider i grupper to og to, og kvar gruppe fekk to bevis dei skulle presentere i fellesskap. Tidsbruken vart avgrensa til ei veke, der elevane fekk nytte 4 undervisingstimar til å arbeide med bevisa. Bevisa skal presenterast i form av ein film, der elevane  sjølv vel korleis dei vil lage filmen. Her har dei valgt mange ulike løysingar. Nokre filmar med webkamera eller mobil, nokre brukar Windows MovieMaker, nokre tek opptak av skjermen med Jing eller brukar avartarar og stemmegeneratorar. I Facebook har eg oppretta ein eigen lærarprofil som no er venn med alle elevane i klassa. Gjennom lærarprofilen oppretta eg ei hemmeleg gruppe der alle elevane vart invitert inn. I denne gruppa skal vi presentere bevisa, og då vil ingen andre enn dei som er medlem av gruppa kunne sjå filmane som er lagt ut. Dette synest eg er den mest forsvarlege løysinga ut i frå prinsipper om personvern, særleg sidan dei fleste elevane dessutan er under 18 år.

Så langt har det sett ut som om opplegget fungerer fint. Dei første filmane er kome ut, og dei første tilbakemeldingane eg har fått frå elevane går ut på at dei synest det er artig å jobbe i Facebook. Det største problemet vi har møtt så langt var ein elev som ikkje var medlem på Facebook. Denne eleven fekk tilgang brukarnamn til lærarprofilen min, slik at ho får tilgang til bevisa gjennom den. Ho verka nøgd med den løysinga, og eg kan enkelt endre passord og brukarnamn seinare dersom eg ønskjer å bruke profilen vidare.

Det vert spennande å høyre kva elevane meiner når vi vert ferdige med prosjektet, og får gjort ei ordentleg evaluering.

tirsdag 15. mars 2011

Bruk av sosiale medie i matematikk - eit døme...


Undervisninga i matematikk vert ofte sett på som gammaldags, kjedelig og virkelighetsfjern. Eg skal ikkje prøve verken å avkrefte eller bekrefte den påstanden, men mitt inntrykk er at den i alle fall er tradisjonell - at mykje vert gjort slik det "alltid" har vore gjort...

I samband med studiet har vi jobba med mange ulike sosiale media. Kan nokre av desse nyttast i matematikk for å fremje læring hos elevane? Det var utgangspunktet mitt for å lage eit undervisningsopplegg basert på bruk av sosiale media i arbeid med bevis i R1. Eg tok utgangspunkt i to læreplanmål, som begge handlar om matematiske bevis:
• Mål for opplæringen er at eleven skal kunne gjøre rede for forskjellige bevis for Pytagoras’ setning, både matematisk og kulturhistorisk
• Mål for opplæringen er at eleven skal kunne gjøre rede for implikasjon og ekvivalens, og gjennomføre direkte og kontrapositive bevis

Matematikken i slike bevis er ofte enkel, og basert på ei grunnleggjande matematisk forståing. Utfordringa for elevane vert gjerne å finne ein inngang til oppgåva. I tillegg til ei god forståing av matematisk prinsipp krev slike oppgåver også etter mi meining ein god porsjon kreativitet, erfaring og innsikt som ikkje er enkel å undervise i. Eg kan ikkje tenkje slik at eg skal overføre ein slik kunnskap til elevane, dette er noko dei må utvikle gjennom å arbeide med bevis. I følgje sosiokulturell læringsteori skjer læring i samhandling mellom menneske, i ein sosial kontekst. Det er denne læringseffekten eg ønsker at elevane skal få med bruk av sosiale media.

Sjølve opplegget ser eg for meg å bruke 6-8 timar på. Dette vil eg gjennomføre på slutten av skuleåret slik at vi også får ein repetisjon av pensum i arbeid med bevis frå ulike delar av pensum. Elevane skal arbeide to og to med å presentere ulike bevis for dei andre elevane i klassa. Presentasjonane skal publiserast i ei hemmeleg gruppe på Facebook i form av ein kombinasjon av tekst og bilete eller video. Teksten skal gi ei ramme kring beviset, medan sjølve beviset skal leggjast inn som eit bilete, ei videofil eller ei kopling til eit Google-dokument (sidan teksteditoren i Facebook ikkje eignar seg til å skrive matematike uttrykk). I arbeidet med bevis vil eg oppfordre elevane til å nytte andre sosiale ressursar på nettet. Mange bevis vert presentert i ulike forum og bloggar, på nettstadar og ressurssider. Til saman vil klassa slik bygge opp ein idebank for ulike måtar å utføre bevis på. Med å arbeide på denne måten får elevane også munnleg trening som vil vere relevant for ein eventuell munnleg eksamen.

Ei grundigare drøfting av undervisningsopplegget finn du her.