onsdag 30. mars 2011

Bruk av sosiale medie i matematikk - statusrapport

Vi er no kome godt i gang med gjennomføringa av opplegget som var skissert i forige innlegg på denne bloggen. Etter ein diskusjon med elevane enda vi opp med ei løysing som ligg temmeleg nær opp til det eg hadde sett føre meg, og skrive om i det forige innlegget.

Elevane arbeider i grupper to og to, og kvar gruppe fekk to bevis dei skulle presentere i fellesskap. Tidsbruken vart avgrensa til ei veke, der elevane fekk nytte 4 undervisingstimar til å arbeide med bevisa. Bevisa skal presenterast i form av ein film, der elevane  sjølv vel korleis dei vil lage filmen. Her har dei valgt mange ulike løysingar. Nokre filmar med webkamera eller mobil, nokre brukar Windows MovieMaker, nokre tek opptak av skjermen med Jing eller brukar avartarar og stemmegeneratorar. I Facebook har eg oppretta ein eigen lærarprofil som no er venn med alle elevane i klassa. Gjennom lærarprofilen oppretta eg ei hemmeleg gruppe der alle elevane vart invitert inn. I denne gruppa skal vi presentere bevisa, og då vil ingen andre enn dei som er medlem av gruppa kunne sjå filmane som er lagt ut. Dette synest eg er den mest forsvarlege løysinga ut i frå prinsipper om personvern, særleg sidan dei fleste elevane dessutan er under 18 år.

Så langt har det sett ut som om opplegget fungerer fint. Dei første filmane er kome ut, og dei første tilbakemeldingane eg har fått frå elevane går ut på at dei synest det er artig å jobbe i Facebook. Det største problemet vi har møtt så langt var ein elev som ikkje var medlem på Facebook. Denne eleven fekk tilgang brukarnamn til lærarprofilen min, slik at ho får tilgang til bevisa gjennom den. Ho verka nøgd med den løysinga, og eg kan enkelt endre passord og brukarnamn seinare dersom eg ønskjer å bruke profilen vidare.

Det vert spennande å høyre kva elevane meiner når vi vert ferdige med prosjektet, og får gjort ei ordentleg evaluering.

2 kommentarer:

  1. Trur du peikar på ein viktig ting når du meinar at elevane bør bli meir trente i matematisk argumentasjon. Facebook er nok framleis litt uvant for meg, men for elevane er det sikkert motiverande og ein nyttiggjer seg nok også godt det sosiokulturelle læringsaspektet.

    SvarSlett
  2. Spennande og spenstig opplegg.Facebook i matematikk hadde eg ikkje sett for meg, men i bevis kan det sikkert nyttast. Litt usikker sidan eg ikkje sjølv nyttar facebook, men det du skisserer virker bra gjennomtenkt og at facebook har ein hensikt. Er litt opptatt av at det må ha ein hensikt så ikkje det blir brukt berre for å "være in"

    SvarSlett